Kan eg få fruste litt her? Eg blir gal av den gruppa. No vurderer eg berre å melde meg ut. Den har null verdi, den er berre full av folk som ikkje kan elementær nettikette og som gjentek og gjentek heilt elementære svar, alternative gir beint ut skadelege svar, som å lage pai med høymole (!!!). For ikkje å snakke om dei som ropar med store bokstavar over heile avsnitt.
Det er når eg ser slikt at eg er sjeleglad for at vi faktisk har Hagegal (og hagegalgruppa på facebook). Er det fleire enn eg som sit på hendene for ikkje å vere direkte frekk?