Ein av våre gode hagevennar, Ståle Sæthern har gått bort. Ståle var ei visdomskjelde, ei humørbombe og eit omsorgsmenneske. Han hadde alltid varme ord å kome med, og lurte du på noko så fekk du alltid eit litt overraskande svar av Ståle med eit skeivt smil og glimt i auget. Eg kjem til å sakne Ståle, og minnast all den hagekunnskapen han har delt med oss mindre erfarne.
Vi har mange minne om Ståle. Rekedansen på hagegaltreff er ein klassikar, for dei som huskar noko frå den kvelden. Han var ofte til stades på treffa våre, også når det var treff i botanisk hage, då stilte han alltid opp. Dei siste åra sleit han med ulike typer kreft. I 2017 var han innlagt på radiumhospitalet, og då dro eg og henta han og tok han med på ein luftetur. Då koste vi oss, begge to. Kvil i fred, gode Ståle.