Eg har halvert antall grønsaker i år….. det skal jo etast også.
Eg har sådd kepaløk, sjalottløk, vårløk, mange typar salat, pastinakk, gulrot, hovudkål, blomkål, broccoli, kålrot, raudbetar, bladbetar, dill, bladpersille, kruspersille, sukkererter, mange typar buskbønner, mange typar klatrebønner, mange sortar gresskar, cherrytomater, bifftomater, fleire typar agurk, physalis, fleire typar paprika og fleire typar chili.
Eg har sett både hardneck og softneck kvitløk og eg har sett tidlegpoteter og haustpoteter på friland.
Eg har kutta ut faste innslag som mais, bondebønner, reddik, rosenkål, knutekål, turnips og spinat i år. Spinat sår eg kanskje på seinsommaren.
Ja det veks utruleg seint i år samanlikna med tidlegare år. Plantene trivs ikkje i så kaldt ver som vi har hatt på vestlandet i mai og juni.
Mykje står stille og ventar på sommaren.
Likevel har eg hatt ein flott sesong med å hauste asparges. Salat er det meir enn nok å hauste av. Eg har også hausta snackagurk, dill, persille, blomkål, broccoli og sukkererter. I drivhuset har eg dyrka gulrot og tidlegpotet i stor potte og har allerede hatt middag med nypotet og fersk gulrot
Kaldtålige vekstar veks, men bønner og gresskar hyler mot meg av mistrivsel.