Matglede - fritt etter (eller før) Sumpen

Del med andre. Prøv ut. Kommenter.

Moderatorer: toveve, AnnePåLandet, Villrose

Matglede - fritt etter (eller før) Sumpen

Innlegg Gundad Søn Okt 22, 2006 22:27

Nokre frynsegode skal dei hagegale ha, og eitt av dei er å få lese enkelte av matspaltene mine på nett (ja, for Sunnmørsposten klarer ikkje å knøde seg til å få lagt dei ut... :x), i dette tilfellet til og med før det kjem på trykk. Ikkje sei det til nokon! (hihihi ;) ) Denne vart eg så fornøgd med at eg måtte berre dele den med dokke. Kjem neste laurdag i avisa.

Haustetid

Har du det som meg, at du får låkt i hjarta når du ser frukt, bær og grønsaker som ikkje vert hausta? Akkurat no er det mykje slikt som plagar meg. Skogen står full av traktkantarellar, eplehagane bugnar og frukta blir til kompost, og dei som er att av tomatane mine heng ute grøne og fine, utan von om å modne no når det er like før hufsa kjem. Det er grenser for kor mykje traktkantarellar ein kan plukke, eple ein kan safte og tomatar som kan modne i vinduskarmen. Det er det eg gjer, nemleg; tomatane vert hengt opp i hyssing, og så får dei modne på kvisten sin til dei har fått rett farge og smak.

Men dei store er det vanskeleg å redde, og dei blir liksom aldri gjennommodne. Så difor har eg lagd tomatmarmelade! Ein syrleg-søt, tjukk marmelade som kan etast som tyttebærsylte, til steik, kjøtkaker eller til ein god ost. Mannen min et den på müslien sin, og påstår det er deilig. Prøv den på ein havrekjeks med litt naturell kremost under, og du er på veg til himmelen. Mathimmelen, altså.

Såg du filmen ?Stekte grønne tomater?? Det er ei fantastisk forteljing om to kvinner som bur ilag og samarbeider om å drive The Whistlestop Café, rett ved togsporet ein stad i USA. Der lagar dei mat og skapar seg eit liv i kamp mot fordommar, rasestrid og klassemotsetnader. Finn du den i ei videosjappe så ta den med, og kos deg med ein deilig film. Som tittelen seier er steikte grøne tomatar deira spesialitet, og det er så lett at du treng ikkje oppskrift ein gong. Viss du føler deg uttrygg, så finn fram schnitzel-oppskrifta mi frå fjorten dagar sidan, du gjer det på same måten. Krydre mjøl og ha det i ei låg, vid skål, pisk saman to egg i den andre og ha strøkavring i den tredje. Vend tjukke tomatskiver i mjøl, så egg og så strøkavring. Steik i smør eller olje, og server som tilbehør til alt som er godt.

Men så var det marmeladen. Dette blir eit tjukt, søtt syltetøy med ein distinkt smak av sitron og kanel. Tomatane i seg sjølve smakar ikkje stort, så dei tek smak av det andre du puttar i gryta. Det kan bli for syrleg, då kokar du berre opp meir tomatar (viss du har) og puttar i. Bland gjerne i nokre raude og, då blir fargen finare. Det kan virke litt rart med salt i syltetøy, men det gir ein rund, fyldig smak, så du må ikkje droppe det. Slik gjer du det:

Tomatmarmelade av grøne tomatar

Ein sitron
1,5 dl vatn
Ein kilo tomatar
450 g sukker
100 g brunt sukker
1 ts salt
2 bitar kanelbork

Vask sitronen godt, og skrell den med ein potetskrellar, slik at du får av berre det gule skalet. Skjer det gule i tynne strimlar, og kok det i vatnet i ei stor gryte i 10 minutt. Pass på så det ikkje kokar tørt. Fjern det kvite som er att av skalet på sitronen, del den i fire båtar og skjer båtane i tynne skiver. Fjern det du finn av steinar. Skyll tomatane, og del dei i fire. Fjern stilkfestet viss det er hardt, og skjer tomatbåtane i tynne skiver. Ha sitronen og tomatane i gryta saman med sukker, salt og kanel. La det heile koke medan du rører av og til i nærare ein time. Ta ut kanelborken, og fyll marmeladen på reine, nykokte glas.

Lagre marmeladeglasa mørkt og kjøleg. Vil du ha marmeladen litt meir chutney-aktig, kan du ha i litt eddik og gjerne ha i litt finhakka raud chili. Då blir den litt hot, og tøffare i smaken.

Vi hadde ein familiebursdag i helga, og då tok eg eit glas med tomatmarmelade, blanda det ut med ein pakke stikkelsbærgelé og halv vassmengde og brukte det som gelétopping på ei vanleg ostekake. Det var kjempegodt, og ingen klarte å gjette kva som var i geléen. Det var ein perfekt kontrast mellom den deilige, krema ostekakemassen og den syrlege og søte geléen. Prøv det!

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 2957
Registrert: Ons Jun 29, 2005 23:58
Bosted: Rodeløkka, Oslo og Billingsfors, Sverige

Innlegg Britt Åse Søn Okt 22, 2006 22:49

Åh, Gunda! Den skal jeg huske på neste år :klem: .
Hager er til for å leke i. Jobbe kan du gjøre andre steder.

Britt Åse Grimstad H2
Blogg: http://hagenpahytta.wordpress.com/
Bilder
Brukerens avatar
Britt Åse
Hagegal
Hagegal
 
Innlegg: 9631
Registrert: Lør Mar 15, 2003 15:18
Bosted: Grimstad H2

Innlegg Berit Man Okt 23, 2006 7:48

Skrevet ut, rett i oppskriftarkivet. Tusen takk! :star:

Kan du ikke gjøre det til en vane å legge ut matspalta di?
Lag en tråd a la Hildes skrivebordsroser?
Så kan alle som ikke har tilgang på Sunnmørsposten få glede av dem? Kan godt godta å vente til etter de har vært på trykk, så mister ikke avisa abonnenter av den grunn .... ;)
Brukerens avatar
Berit
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3571
Registrert: Fre Mar 21, 2003 11:44
Bosted: Bor på Ringebu, lever på Sunnmøre

Innlegg Gundad Man Okt 23, 2006 8:03

Det var ein god idé, Berit. Det er mange av mine oppskrifter som er hagerelevante, så det kan eg gjere.

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 2957
Registrert: Ons Jun 29, 2005 23:58
Bosted: Rodeløkka, Oslo og Billingsfors, Sverige

Innlegg Berit Man Okt 23, 2006 8:32

Supert! Tipper du vi få mange faste lesere til den tråden! :D
Brukerens avatar
Berit
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3571
Registrert: Fre Mar 21, 2003 11:44
Bosted: Bor på Ringebu, lever på Sunnmøre

Innlegg iduns Man Okt 23, 2006 17:11

Du er då ein kløppar på mat Gundad!
Eg lhar laga chutney av grøne tomatar hugsar eg, og også av epler. Godt!
Brukerens avatar
iduns
Svært skravlete bruker
Svært skravlete bruker
 
Innlegg: 1234
Registrert: Tir Mai 13, 2003 12:54
Bosted: H3-Sandvika Norge

Innlegg ingrid9000 Lør Okt 28, 2006 22:35

Og jeg har syltet mine små grønne hele... det er knakande godt det og, men dette kan en jo snike seg til å lage hele året av de solfattige tomatene en får tak i... når en ikke har avling stor nok! takk Gunda! :D
Brukerens avatar
ingrid9000
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3700
Registrert: Man Jun 19, 2006 22:12
Bosted: Engerdøl, bor i Nordjylland, Danmark

Innlegg Gundad Lør Nov 18, 2006 0:05

Då har eg teke utfordringa, og legg ut matspalta mi. Eg gløymde det forrige veke, så her er den, litt forsinka. Vonar den inspirerer likevel.

Hausttid er suppetid

No er det tid for dei varmande, næringsrike suppene og grytene her hos meg. Hausten held på å gå over til vinter, og vi fyrer med ved og drikk te med honning for å halde den på armlengdes avstand. Eg er glad i supper av alle slag, men eg slit med desse to ungane eg har sett til verda, som er skeptiske til løk, selleri, sopp, kål, linser, erter og bønner; alt som gjev supper god smak.

Det vil seie, dei et det med glede dersom dei ikkje får bitar av tabugrønsakene i munnen. Difor velsignar eg stavmiksaren min, den gjer at eg slepp å drive med spesialmenyar, og dei venjer seg til smakane. Supper med vanskelege grønsaker i får ein omgang med stavmiksaren, og så sklir dei ned på høgkant. I dag har eg laga linsesuppe, det er ei basisoppskrift som kan varierast i det uendelege, alt etter kva du har i huset. Den er og lettvint og billig å servere viss du skal ha mange gjestar. Få tak i ei stor gryte, og lag suppe til 20 personar for ein hundrelapp! Vil du skeie ut, kan du steike baconterningar, sette fram ei stor skål med rømme og nokre heimelagde brødkrutongar til å drysse i. Med denne oppskrifta er unnskyldninga om at det er dyrt å ha gjestar gjort til skamme.

Linser er noko du bør ha i skapet heile tida. Kjem det ein uventa gjest kan du dryge middagsgryta med å koke eitt par nevar linser i den. Kok linser i buljong, og bruk dei i ein salat for å gjere den meir mettande. Bruk kokte puy-linser som tilbehør i staden for poteter eller ris, bland inn hakka løk, paprika og urter inn i dei lunka linsene, og kryst ein halv sitron over før du serverer. Eg brukar oransje eller gule linser i suppa, dei grøne puy-linsene er deilige på smak, men gir suppa ein ulekker farge. Så supplerer eg med det eg har av grønsaker i huset, alle haustgrønsakene kan brukast, og både squash og graskar kan puttast i suppa.

Graskar får du forresten på billigsal no, etter halloween. Nytt høvet, og lag ei deilig graskarsuppe. Du får ei god kakeoppskrift og av meg, og den kan og fyllast med graskar eller squash. Den er saftig og god, og med sunne feittsyrer ved at det er brukt matolje i staden for smør. Då er det viktig å ha ei klype salt i, elles vert den tam i smaken.

Slik lagar du linsesuppe til fire:

4 dl linser
3 ss olje eller smør
2 ts malt spisskummin
Ein stor løk
Tre fedd kvitløk
Ein kålskalk
To gulrøter
Ein selleriskalk eller tre stenger stilkselleri
1,5 liter vatn
Flytande fond eller buljongterningar; alt går unntatt fiskebuljong.
Saft av ein sitron
Salt, sukker og peppar

Skyll linsene i eit dørslag, og la dei gjerne henge i vatn, det kortar ned koketida. Rens og hakk løk, kvitløk, selleri og kål, gulrøtene er det like greitt å rive. Varm opp oljen i ei stor gryte, og surr grønsakene med spisskummin til grønsakene blir blanke og løken er gjennomsiktig. Slå over vatnet, og ha i buljong. Ha i linsene, og la det heile koke til både linsene og grønsakene er møre. Når alt er ferdig kokt, kan du køyre suppa glatt med ein stavmiksar eller i hurtigmiksaren på kjøkkenmaskinen.

Har du ikkje sære folk i huset, serverer du den som den er, med bitar og heile linser. Smak til med sitronsaft, sukker, salt og peppar til smaken er rund og fin. Har du salvie i hagen, så finhakk nokre blad og putt i suppa. Serverer du pent i skåler til kvar person kan du frittere eitt par salvieblad til kvar, og ha til pynt i suppa.

Til fest er det godt å servere suppa med baconbitar, rømme, brødkrutongar og/eller avokadoterningar i. Har du ei forsamling med både vegetarianarar og kjøtetarar er dette ein grei måte å glede alle på. Veggisane får suppa si, og kan ha i rømme viss dei likar slikt, samt avokado. Vi kjøtetarane får ein liten kjøtsmak, og det er nok til å halde oss fornøgde. Eg serverte mi suppe til berre kjøtetarar, og då slo eg steikefeittet frå baconet oppi suppa. Det gir god smak, og suppa er så mager at det toler vi godt. Den passar og fint for mjølkeallergikarar, dersom du lovar å bruke olje, og ikkje smør.

Slik lagar du squashkaka:

4 egg
250 g sukker
2,5 dl mild matolje
400 g skrelt og riven squash
350 g kveitemjøl
1/4 ts. bakepulver
2 ts. natron
1/2 ts. salt
2 ts vaniljesukker
2 ts kanel
½ ts malt muskat
1 dl hakka mandlar eller valnøtter
1 dl rosiner

Sett steikeomnen på 180 grader. Smør to avlange kakeformer, og strø dei med kveitemjøl eller semulegryn. Pisk eggedosis av egg og sukker. Bland inn olje og den rivne squashen. Bland kveitemjøl, salt, krydder, bakepulver og natron i ein bolle, og ha i nøtter og frukt. Vend det godt inn før du har det i eggedosisblandinga, og rører det heile glatt. Fordel røra i formene, og steik kakene på 180 grader i ca. 40-45 minutt. Sjekk med ein pinne om kakene er ferdige, når det ikkje sit røre på pinnen når du dreg den ut er kaka ferdig. Du treng ikkje ein fancy pinne frå ein kjøkkenbutikk for å gjere dette, ein spagettipinne gjer nytta! Veldig greitt, då kan du kaste den etterpå.

La kakene kvile litt i forma før du vender dei på ei rist og lar dei kolne under eit reint handkle. Når det er fest brukar eg å piske ein pakke Philadelphiaost med 300 g melis og to teskeier sitronsaft og smøre på som glasur. Til kvardags klarer det seg med eit melisdryss.

Dei smarte har no forstått at denne kaka kan varierast i det vide og det breie. Bytt ut squashen med finhakka graskarkjøt, rivne gulrøter eller mosa banan. Alt blir smaskens. Nøttene og frukta kan og varierast etter kva du har, hasselnøtter, tørka aprikosar, sukat eller hakka svisker kan erstatte det eg har foreslått. Hald deg til mengdene eg har oppgitt, så blir det bra.

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 2957
Registrert: Ons Jun 29, 2005 23:58
Bosted: Rodeløkka, Oslo og Billingsfors, Sverige

Innlegg AaseG Lør Nov 18, 2006 0:44

Takk for oppskrifter! - :) - så bra at du forer oss med sunt og matnyttig!

Her må prøves både linsesuppe og squashkake!

.. den som hadde grønne tomater :mrgreen:
Frøhode
Fauske/Nordland
H/5-6
Galleri
Brukerens avatar
AaseG
Svært skravlete bruker
Svært skravlete bruker
 
Innlegg: 1197
Registrert: Tir Apr 13, 2004 17:59
Bosted: Fauske

Innlegg Britt Åse Lør Nov 18, 2006 10:20

Spaghettipinne :mrgreen: . Genialt!! Nå skal jeg imponere min kjære (som er ganske oppgitt over alle dippedingsene jeg 'må' ha på kjøkkenet) med å nappe ut en spaghettipinne av pakka når jeg skal sjekke om ting er ferdigstekt :star: :star: :star: .

(forresten, dere som ikke er sunnmøringer; 'Sumpen' er sunnmørsk for Sunnmørsposten 8) )
Hager er til for å leke i. Jobbe kan du gjøre andre steder.

Britt Åse Grimstad H2
Blogg: http://hagenpahytta.wordpress.com/
Bilder
Brukerens avatar
Britt Åse
Hagegal
Hagegal
 
Innlegg: 9631
Registrert: Lør Mar 15, 2003 15:18
Bosted: Grimstad H2

Innlegg alfe1 Lør Nov 18, 2006 12:32

Spesiell begeistring for den squashkaka her! Vi jakter på nye anvendelser av ulike typer squash og hokkaido som det er mildt sagt "et visst" overskudd på her i huset.
Alf
Rosene mine
Myren i mitt hjerte
Ohne die Rose tun wir´s nicht. Joseph Beuys
I samfunn som opprettes av nomader må det komme tilreisende og utføre alt murerarbeid. Ibn ´Haldun
Brukerens avatar
alfe1
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3572
Registrert: Fre Apr 09, 2004 15:00
Bosted: Bergen

Innlegg oyhovoft Lør Nov 18, 2006 12:53

Tror nok squashkake er noe som burde prøves etter hvert, har for mye squash for eget forbruk, så alternative bruksmetoder høres absolutt forlokkende ut :)
Øyvind H O

I'd rather be hated for who I am, than loved for who I am not. (Kurt Cobain 1967-94)
Brukerens avatar
oyhovoft
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 4239
Registrert: Ons Jul 20, 2005 21:27
Bosted: Lyngdal, Vest-Agder

Innlegg ingrid9000 Lør Nov 18, 2006 16:48

Squashkaka er en bedre variant av gulrotkake som det gikk mye av her i DK på 80-tallet... så ble varianten med squash utbredt og den er knakende god. Men jeg møtte stor skepsis i gamlelandet når jeg sa jeg ville bake kake med enten gulrot eller squash... er en del i familien som ikke likte grønnsaker og dette trodde de ville smake fælt! :lol:

Ja, jeg lo for meg sjøl mens jeg bakte, jeg visste jo at pipen ville få en annen lyd når de fikk smakt den... kanskje en lur måte å "lure" i barna grønnsaker også... å neivel, er jo mye sukker i da :oops: Men er jo fiberrik i det minste!! :D
Brukerens avatar
ingrid9000
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3700
Registrert: Man Jun 19, 2006 22:12
Bosted: Engerdøl, bor i Nordjylland, Danmark

Innlegg Gundad Lør Nov 18, 2006 22:08

Eg gløymde å føye til ein variant eg lagde ein gong: Riven squash, valnøtter og ananas! Eg tok den knuste ananasen på boks, og det var kjempegodt i kaka.

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 2957
Registrert: Ons Jun 29, 2005 23:58
Bosted: Rodeløkka, Oslo og Billingsfors, Sverige

Innlegg ingrid9000 Lør Nov 18, 2006 22:25

Ananas også i?? OJOJ :shock: å hjelpe meg sånt kan du ikke skrive når butikkene har stengt, Gunda!!!!!!
Brukerens avatar
ingrid9000
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3700
Registrert: Man Jun 19, 2006 22:12
Bosted: Engerdøl, bor i Nordjylland, Danmark

Innlegg Gundad Man Nov 20, 2006 13:37

Sidan den forrige matspalta vart så forsinka, må denne kome litt før tida, ikkje sant? Her er matglede for veke 47.

Søtt og magisk

?Vil du ha honning??, sa mor mi på telefonen, ho ringde medan ho heldt på å pakke snippeska til far min som skulle til Oslo.

?Eg har honning frå nå Vidar Kalland her, vil du ha sommarhonning eller lynghonning?? ?Ja takk, begge delar? er det sjølvsagte svaret på tilbod om honning, det har eg lært. Så no er eg to store honningglas rikare, og heile huset gler seg over det.

Honning har noko magisk ved seg. Biene samlar nektar, og blandar den med sine eigne sekret til dette nydelege søtstoffet som er søtare enn sukker. Kroppen tek opp energien frå honning betre enn energien frå sukker, fordi sukkerstoffa allereie er delvis nedbrotne av biene. Dermed går energien rett i blodet, og gjev oss styrke og hjelper oss å halde ut når vi er slitne. Den er også rik på mineralar og sporstoff, og eit tynt lag med honning på eit sår gjer at det gror fortare. Dei einaste som ikkje skal ha honning er babyar, i uoppvarma honning finst det ørsmå mengder botulinbakteriar. Så små mengder kan vi større nedkjempe, men dei minste har ikkje bygd opp nok immunforsvar. Difor er ikkje honning på smokken å anbefale.

Men at honning elles er helsebringande er uomtvisteleg. Bestefar min på 88 et honning på leverpostei, på syltaflesk og på brunosten, og både han og eg er sikre på at det er ein av grunnane til at han framleis er frisk og i godt humør. Honning kan brukast i salatdressingar, i marinadar, i te og i bakverk, og den kan til og med emulgere olje- og eddikdressingar slik at dei ikkje skil seg i serveringsskåla. Mjød er søta med honning, og i Danmark og Tyskland er honningkaker det viktigaste teiknet på at det snart er jul.

Før jul i 1988 vann eg og ei venninne ei reise med danskebåten til København. Vi oppdaga til vår store lukke at det var koldtbord inkludert i billetten, og alle som har levd på studielån veit at i desember er det magert, så vi åt kroken av magen medan trailersjåførane såg på med store auge. Dei hadde vel aldri sett to pene damer ete så mykje.

I København fann vi eit eventyr av ein butikk; Perchs thehandel. Vi har begge eit lidenskapeleg forhold til te, og gjekk inn i butikken med age. Hos Perchs thehandel hadde alle ekspeditørane skinnforkle, dei står bak ein disk, og du ber pent om det du vil ha. Så veg dei teen opp på gamaldagse vekter med lodd, og på kjøpet får du ein handlaga bolsje; drops ville vi kalla det. Men det mest fantastiske med heile butikken er rullane med honningkaker som dei har liggande på disken. Seks honningkaker frå Christiansfeld med rosiner og ei velkomponert krydderblanding vart med heim til Oslo. Kakene vart nytt i langdrag på hybelkjøkkenet så vi kom heim, delt i to med eit lag smør på, og med ein god darjeeling i koppen. Då er livet verd å leve!

Eg har prøvd å gjenskape smaken av desse deilige kakene, og du får og høve til å prøve. Honning har så rik smak at det ikkje er naudsynt med smør eller fløte i desse kakene. Det er fint for mjølkeallergikarar, endeleg ei julekake dei kan ete. Slik gjer du det:

Dansk honningkake

375 g honning
375 g sukker
2 dl vatn
1 ts malt nellik
2 ts kanel
1 ts ingefær
1 ts malt pomeransskal eller
rive skal av ein appelsin
½ ts salt
750 g mjøl
2 ts natron
3 egg
Ein neve skålda mandlar

Sett omnen på 170 grader. Kok opp honning, sukker og vatn, og lat det kolne. Bland alt det turre. Pomeransskal får du på apotek, og kjøper du ein pakke kan du bruke det i gløggekstrakt og andre gode saker. Bytt det ut med berre det gule skalet av ein appelsin viss du ikkje finn det. Unngå å få med det kvite frå appelsinskalet, det smakar bittert. Du kan også presse appelsinen, og bytte ut litt av vatnet med safta.

Når honningblandinga er fingervarm (eller kaldare) rører du den inn i det turre. Ha i egga til slutt. Eg brukte handmiksar, men pass på at du ikkje eltar deigen for lenge. Kle to avlange kakeformer innvendig med bakepapir, og ha i røra. Du kan og bruke ei lita langpanne. Pynt kakene med skålda mandlar viss du har lyst. Steik kakene i 45-50 minutt, alt etter kor stor form du brukar. Stikk med ein spagettipinne for å sjekke at kaka er ferdig. La kakene kolne i forma.

Server kaka skoren i skiver, helst med litt godt smør på. Kaka kan lagrast lenge, og den er eigentleg best to-tre veker etter at den er bakt. Bakar du den no kan den godt lagrast til jul i ein tett boks. Som du ser har eg ikkje rosiner i denne kaka, men det kan du godt viss du vil. Vend i så fall rosinene i mjøl før du har dei i røra. Skal du servere kaka til fest kan du lage den i langpanne, og dele den i to horisontalt som ei bløtkake. Lag ein god smørkrem av melis, romtemperert meierismør og litt saft av ein appelsin, og smør den halvcentimetertjukt mellom dei to laga. Skjer kaka i pene bitar, og dryss melis over. Garantert suksess!

Alt godt, Gunda
Brukerens avatar
Gundad
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 2957
Registrert: Ons Jun 29, 2005 23:58
Bosted: Rodeløkka, Oslo og Billingsfors, Sverige

Neste

Gå til Oppskrifter

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 2 gjester