Eg fekk anemone blanda-knollar! Kva gjer eg?

Frøsåing, deling, stiklinger, avleggere - det blir aldri nok, gjør det vel?

Moderatorer: toveve, AnnePåLandet, Villrose

Eg fekk anemone blanda-knollar! Kva gjer eg?

Innlegg Gundad Lør Mai 30, 2020 11:26

Eg bur (som enkelte kanskje har fått med seg) for tida i Sverige, og på torsdag hadde vi service på bilen i Göteborg. Eg foreslo at vi dro ned kvelden før, for det var tidleg oppmøte, og to timar køyring på morgonkvisten kan vere tøft. Sidan eg tok ansvar bestilte eg sjølvsagt hotell rett ved inngang til botaniska.

Så medan mannen sat og venta på at bilfiksarane skulle bli ferdige, gjekk av 17 000 skritt i den botaniske hagen. Fantastisk! Og eg fekk ikkje ein gong sett halvparten, eg må tilbake.

Då eg skulle gå måtte eg sjølvsagt innom butikken, og plukka med meg nokre plantar der. Men under over alle under: Utanfor butikken sto det nokre grøne plantekasser med det botaniska definerer som ugras! Og posar ved sidan av, og det var fritt fram for å forsyne seg! Eg plukka med meg masse primula, krokusløkar, muscari og forskjellige andre løkar, og så var det og masse knollar til anemone blanda der. Eg tok med meg eit knippe, eg enda vel opp med ca. 30 knollar, vil eg tru. Men kva gjer eg med dei? Kan eg plante dei no allereie? Eller bør dei ligge tørt til hausten? Eg hadde anemone blanda i Lindern-hagen, men eg huskar ikkje korleis eg gjorde det, dei dukka berre opp år etter år. Kva er best for knollane?


Bilde
Alt godt - min blogg om alt det gode i livet
Brukerens avatar
Gundad
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3023
Registrert: Ons Jun 29, 2005 23:58
Bosted: Rodeløkka, Oslo og Billingsfors, Sverige

Re: Eg fekk anemone blanda-knollar! Kva gjer eg?

Innlegg Nienna Lør Mai 30, 2020 12:06

Jeg pleier å plante dem tilbake med en gang. Eller når jeg har tid. Betrakter løker som flyttebare på samme måte som andre planter. Jeg har masse anemone blanda, de sprer seg selv, og dukker opp når jeg holder på med andre ting. Når blomstringen er over visner de ned, og det er umulig å huske hvor de er. Derfor stapper jeg dem bare tilbake i jorden. Men det hender også at jeg samler vårblomstrende løker og knoller til senere på sommeren. Da samler jeg dem i en potte på et skyggefullt sted i hagen, og planter dem ut igjen når jeg får ånden :) Noen ganger har det vært nesten jul før de har kommet i jord igjen.
Nienna
Hagegal
Hagegal
 
Innlegg: 7621
Registrert: Fre Feb 18, 2011 19:11
Bosted: Rogaland H2

Re: Eg fekk anemone blanda-knollar! Kva gjer eg?

Innlegg Gundad Lør Mai 30, 2020 22:51

Ok, då får eg ta det litt som det fell seg. Takk for tips!
Alt godt - min blogg om alt det gode i livet
Brukerens avatar
Gundad
Turbobruker
Turbobruker
 
Innlegg: 3023
Registrert: Ons Jun 29, 2005 23:58
Bosted: Rodeløkka, Oslo og Billingsfors, Sverige


Gå til Formering

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 3 gjester