Eg har ein pallekarm på hjul i drivhuset. Veldig hendig at pallekarmen kan flyttast.
Pallekarmen er skrudd på ei bunnplate, så har eg lagt byggplast i botnen og deretter jord.
Eg har brukt den i tre år og er veldig nøgd. I starten hadde eg berre ein karm, men det siste året sette eg ein karm til på toppen. Då vart den litt tyngre å flytte, men framleis trillar eg den vekk når eg vaskar drivhuset om hausten.
Ein god ting til. Det er ikke ein einaste snegl som har klart å teke seg opp i karmen på dei tre åra eg har dyrka i den
Eg legg ved eit utsnitt av eit bilete der du kan sjå hjula.
