

Kvart år, i overgang mellom vinter og vår, så opplever eg gnag på peonar. Det rare er at det er nesten berre "Fairys Petticoat" og "Madame Calot" som er utsette. Om natta gneg dei så djupt at stengelen knekk. For ein gons skuld er det ikkje vår brune venn som er syndaren, men ein artsfrende med mange namn (grå-, hage-, stein- og bergsnigel). Løysinga er berre å vere tidleg nok ute med snigelkverk, men eiga læring er ikkje alltid det lettaste.