



Ein kveld merka eg massive angrep på klatreroser ved husmuren. Blada var sirlig bretta saman og "limt" langskantane. Når blada vart opna så låg der ei åme på ca 10 mm. Er ikkje så glad i sprøytemiddel, så eg starta med grønsåpevatn. Ingen reaksjon, så styrken vart dobla og ny behandling. Etter kvart kom der angrep også på andre rosebusker, og panikken kom smygande. Har funne råd om Nitrofen- og Fungicid middel, men har ikkje funne det. Eg har hatt for vane å samle alle stoppa middel i ei boks for innlevering, men innleveringa har liksom ikkje vorte noko av. Så vart det å leite opp "giftskrinet", og der fann eg eit glas med Basudin 25. Dette vart dusja på eine busken, og her har eg ikkje funne levande åmer i etterkant. Er det nokon der ute som ut frå bilda kan fortelle litt meir kva det er, og mest av alt gi eit godt råd om behandling?