Skråningen til venstre er såpass bratt at ein ikke kan gå der, så der ønsker eg å plante noko som ikkje treng noko stell. Skråningen til høyre er noko mindre bratt, men absolutt ikkje ein plass ein kan stå å luke i timevis. Her har eg lurt på å plante nokre lave rhododendronar, chamaebuxus grandiflora og bunndekkende roser på toppen.
Jeg har og lyst å dekke skråningen til høyre med bark. Er det heilt umulig å få den til å ligge når det er så bratt? Eg har lest at ein kan bruke hønsenetting for å få feste, nokon som har erfaring med dette?
Eg bur på Vestlandet så det eg planter må ver glad i rikelig med vatn. Skråningen til høyre er vendt mot sør og er ein solfylt plass.
Er det nokon her som har nokre gode id?er og tips til kva eg kan gjer med skråningane mine? Eg er nokså fersk på hagearbeid så alle svar blir mottatt med stor takk
