Roser og frukttrær

Blomstenes dronning.

Moderatorer: toveve, AnnePåLandet, Villrose

Roser og frukttrær

Innlegg Amfjell Søn Mai 13, 2012 19:21

Eg har så lyst på ei rose som kan vekse seg stor og blomsterrik opp i eit epletre. Treet står på nordsida av huset, planta frå ei eplekjerne, og har ingen fruktverdi. Treet står så langt frå huset at det får godt med sol, men har lite vern mot vind frå nord og nordvest. No har eg fått det for meg at dette treet vil eg pynte med ei stor kraftig rose. Eg bur i ytre Sunnfjord sone 2 -3, med rikeleg regn.
Eg ynskjer ei rose som remonterar og har lukt, det kan vere kjekt at det ikkje er altfor kraftige tornar på ho og.
I dag har eg sett eit opptak av eit fjernsynsprogram som heitte Østerlenske Trædgårdar og der var ein særdeles stor rosehage. Ein del av rosehagen var frukttrær med rosetrær som klatra. Hageeigaren sa at det var viktig å plante rosa tilstrekkeleg langt frå treet slik at rosa si rot fekk plass til feste og å finne næring.
Er det noken som har erfaringar med slik samplanting, og er det noken som kan gje meg forslag til gode roser, dei må tåle regn? Det kan hende det er ein slik tråd på forumet, men eg har ikkje funne han.
Til moderatorane: dersom det er ei overskrift som passar betre, så rett iveg. Det viktigaste er at andre kan finne fram i trådane.
Amfjell
Har snakketøyet iorden, ja
Har snakketøyet iorden, ja
 
Innlegg: 439
Registrert: Ons Sep 30, 2009 20:25
Bosted: Sunnfjord

Gå til Roser

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 0 gjester