Kva feilar det mitt morelltre?

Sykdommer og skadedyr . Alt som kribler, kryper og gnager på feil steder.

Moderatorer: toveve, AnnePåLandet, Villrose

Kva feilar det mitt morelltre?

Innlegg blys Lør Jun 05, 2021 21:47

Bakgrunn:
Dette var eit flott morelltre som er omlag 16 år. Typen er Lapins.
Det har vokse seg stort og er vakkert greina og ikkje hatt noko lyte sidan det vart planta.
Det har gitt mykje frukt opp gjennom åra og i år blomstra det med full mundur.
Det har også knytt seg mykje frukt. For omlag 14 dagar sidan oppdaga eg ei grein som byrja å få gule blad og greina såg vissen ut. Etter som dagane går blir fleire og fleire blad gule og fell av og no er det gule blad omtrent på alle greiner.
Frukten ser og ut til å turke inn. Det fyrste eg tenkte på var for lite vatn, det har vore varmt ei veke og lite regn i mai.
Eg har gjett det no litervis med vatn...men lurer på om det kan vere nokon soppsjukdom eller liknande.
Treet har ikkje lus eller andre synlege skadedyr.
Treet stå vegg i vegg med eit anna morelltre av samme størrelse og dette treet er grønt og friskt og har hatt same forhold når det gjeld vatn.

Er det nokon som har erfaring med morelltre som kan gje meg svar på kva dette kan vere. Eg har googla meg i hel, men finn ingen gode svar.

Her kjem bileter av problemtre og også av nabotreet som har hatt same forhold.

Friskt nabotre avstand 3 m

Bilde

Frukt på problemtre og nokre gule blad

Bilde

Problemtre med gule blad:

Bilde
blys
Har snakketøyet iorden, ja
Har snakketøyet iorden, ja
 
Innlegg: 681
Registrert: Søn Apr 12, 2015 17:40
Bosted: Sogn, H4

Gå til Alt sykt

Hvem er i forumet

Brukere som leser i dette forumet: Ingen registrerte brukere og 6 gjester